UCL WIKI

UCL Logo
Child pages
  • Barndom i utkant-Noreg
Skip to end of metadata
Go to start of metadata

Barndom i utkant-Noreg

Det eg hugsar best frå barndomen min var då Martin Hageberg vart galen.
Eg kjem frå ein liten plass på Vestlandet der alle veit alt om kvarandre og der det sjeldan eller aldri kjem nye menneske.
barneskulen eg gjekk på var liten.  I klassa mi var det berre 13 elevar, åtte gutar og fem jenter.  Vi hadde ein gammal lærar frå Sunnmøre som hadde vore lærar på skulen vår sidan bestefar min gjekk der.  No var han over 70 år og trøtt av livet og av ungar.  Ikkje kunne han stort heller.  Det gjekk mest i norsk grammatikk og rekning.  Når vi hadde rekning gløymde han å gje oss friminutt.  Han kunne halde ut i både to og tre timar.  Det vil seie, vi måtte halde ut, for han satt berre med beina oppetter omnen og las i avisa.  Vi måtte sitje og rekne.  Men han la alltid merke til det dersom einkvan sette seg til å dagdrøyme, og Gud nåde den stakkaren!  Han brydde seg aldri om artige fag som kunst og kroppsøving.
Kvar veke måtte vi skrive norsk stil. Etter at stilen var retta, måtte vi lese han opp for klassen.  Eg likte å skrive, men sidan vi måtte lese opp det vi hadde skrive, vågde eg aldri å skrive om noko som var litt personleg eller morosamt.  Eg var redd for at dei andre skulle le. Ein av gutane i klassen som heitte Vegard skreiv alltid om ein fisketur.  Oppgåva kunne vere kva som helst: Ein dag i sommarferien, Ein dag i vinterferien, Ein dag eg aldri vil gløyme, Ein fjelltur,  Sett og opplevd i sommarferien, Ei bok eg har lese (boka handla om einkvan som fiska), Hobbyen min... Vegard fekk alltid vridd det innpå ein fisketur.     
Ein av naboane våre hadde ein eplehage.  Om hausten, når det var mørkt, sneik vi ungane oss inn i hagen og stal eple.  Ikkje fordi vi var så hugne på eple, epla var så sure som dei kunne verte, men det ga oss noko å gjere som var litt spanande.  Elles gjekk vi mest og dreiv langs vegen.  Når vi hadde pengar gjekk vi til kiosken og kjøpte smågodt.  Då vi jentene kom opp i tenåra håpa vi at det skulle kome ein kjekk gut, men det gjorde det sjølvsagt aldri.
Mor mi jobba ikkje, og far min var mykje ute på fiske.  Som regel låg han innunder Grønland eller Newfoundland.  Han tente gode pengar og vi hadde eit stort, fint hus.  Oldemora mi budde på eit rom på loftet.  Ho gjekk aldri ut.  Oldemor likte å fortelje, men det einaste ho hadde sans for var 60 år gammalt sladder om folk som hadde vore daude i 30 - 40 år.  Det var utruleg keisamt å høyre på ho.
Vi hadde og ein nabo som heitte Martin Hageberg. Og som hadde vore nazist under krigen.  Mor fortalde at han hadde vore særs flink på skulen, men sidan hadde det ikkje vorte stort av med han.  Han hadde ei kone som ikkje hadde for mykje vit og to dumme ungar som båe var vaksne.  Ingen gløymde at han hadde vore nazist.
Ein dag vart han spenna galen.  Han sa at Gud hadde snakka til han og sagt at han skulle få slutt på all arbeidsløyse i Noreg.  Han hadde ikkje telefon og fleire gongar om dagen kom han til oss og ringde og tinga materialar til husbyggjing.  Mellom anna tinga han 50 telefonar.  Han skulle setje dei arbeidslause i gong med å byggje hus.  Han hadde ikkje pengar til å betale for materialane, men det skulle Gud fikse.  
Han jobba framleis som bygningssnikkar.  Akkurat då dreiv han på med eit bygg saman med Anders Utvik.  Ein gong vart han så harm på han Anders Utvik at han geip ei øks og svingde ho over hovudet hans Anders.  Men så senka han ho og sa at Gud hadde bede han om å spare livet hans.  
Då Anders fortalde folk om kva som hadde hend, forsto dei at noko måtte gjerast.
Kvelden etter kom dei sterkaste mennene i bygda på vitjing til Martin Hageberg.  Kona til Martin var med på notene og kokte kaffi og sette fram kaker.  Då banka det på døra.  Det var to mannfolk som lurte på om Martin kunne kome og sjå på eit bygg.  Kva Martin ikkje visste var at den eine var ein politimann og den andre ein dokter frå Florø.  I staden for å køyre han til eit bygg, køyrde dei han lukt i arresten.  Der måtte han sitje til dei fekk ordna med plass til han på eit sjukehus for sinnslidande.  Medan han satt i arresten forsvann dei siste restane av vitet hans.
Elles kan eg ikkje hugse at det hende noko i barndomen min.  Det er dumt, for då eg kom ut i verda og folk fortalde om dette og hint som hadde skjedd i barndomen deira, hadde eg ikkje stort anna å fortelje om enn då Martin Hageberg vart galen.

Oppgaver:

A.    Oversett de 20 første linjene av fortellingen til bokmål.
B.    Svar på følgende spørsmål.  Skriv svarene på bokmål, og bruk dine egne nord.
1.    Hvorfor stjal fortelleren og vennene hennes epler?
2.    Hvorfor var det så selvfølgelig at det aldri kom forbi en kjekk gutt?
3.    Hvor mange barn hadde Marin Hageberg?
4.    Hvorfor bestemte naboene at Martin Hageberg ikke kunne være hjemme mer?
5.    Hvorfor ble ikke Martin Hageberg kjørt direkte til sykehuset?
6.    Hva slags inntrykk får vi av fortellerens barndom?

  • No labels